Dei var samla fleire enn to den gongen Jesus braut brødet siste kvelden han levde, braut brødet, delte ut og bad venene sine gjere han etter; bryte og dele ut… Han hadde ein gong synt dei kva som kunne skje når han braut brød og delte ut; den gongen dei hadde berre eit par brød. Ordet om underet gjekk og vaks til forteljinga om dei 5000 som vart mette. Den gongen før han døydde kunne vel ingen drøymt om at brødet skulle brytast og delast i kyrkjer over heile verda 2000 år seinare.
Det er slikt å tru handlar om: å tørre å dele, å tørre å satse på det du håper på. Dei sit der ved bordet dei som gjekk ut to og to og lækte, spreidde håp og godleik.
Å tru kan handle og om å finne nokon å gløde saman med. Det er vel verdt ei bøn i denne rare tida vi lever i.
Ord for dagen 12.03.2021 sokneprest Eli Vatn
Store ting kan skje!